Katarakt (grå stær) er ei produksjonsrelatert liding som fører til blakking av linsa og redusert velferd hos fisk. Grå stær har ein multifaktoriell etiologi hos laks, og utvikling av katarakt er påverka av både sub-optimal ernæring, miljø og genetiske predisposisjonar. Perioden etter sjøoverføring er særskilt sensitiv for utvikling av katarakt, og i denne perioden treng laksesmolt høgare histidin i fôret enn behovet for vekst for å bevare augehelsa. Derimot er bilete noko meir komplisert. Tidlegare forsøk har også vist at ulike laksefamiliar har ulik risiko for grå stær ved marginale histidinnivå i fôret. Dette kan mellom anna tyde på genetiske skilnader i utnytting av histidin eller ulikt behov for histidin. Ved HI har dei nødvendige metodane for å produsere dobbelt haploide laks blitt etablert, og gjennom desse har dei første klonale linjene blitt produsert. Dette gir mogleik til å studere om det er genetiske skilnader i mottakelegheit for katarakt og effekt av histidintilsetjing i fôret. Målet med dette arbeidet var å beskrive førekomst av katarakt og kataraktutvikling i smolt frå 12 klona linjer. Eit forsøk blei utført med eit todelt design: 1) for å undersøke kataraktutvikling ved overføring til to sjøtemperaturar, 9°C og 13°C, gitt eit standard fôr utan histidintilsetjing, 2) undersøke kataraktutvikling i laks overført til 13°C med og utan histidintilsetjing. I forsøket var seks fisk frå kvar av dei klona linjene blanda i same kar (n=4 kar per behandling), og forsøket varte i seks veker frå fisken vart overført til sjø. Fôret var produsert av Biomar. Generelt var det høgare kataraktscore i fisk som blei overført til 13°C, samanlikna med 9°C, men det var også skilnad i kor mykje temperatur påverka utvikling av grå stær for dei ulike linjene. Histidintilsetjing reduserte kataraktscore i dei fleste linjene, men det var også linjer som hadde låg score uavhengig av histidin, og linjer som hadde relativt høg score sjølv med høgt histidininnhald i fôret.